Aktivitetar

på Ranchen og nærområda

 Ranchen

Supboard

Ranchen leiger ut 1. stk Supboard

Døgnpris 50,-kr Ta kontakt for mer info og bestilling

50 NOK

Kajak 

Ranchen har ein eldre litt enkel nybegynner kajakk til utleige

Døgnpris kr. 80,- Ta kontakt for meir info og bestilling

80 NOK

Fest I Valen

På Ranchen vart det i ny og ne arrangert forskjellige arrangemang for både vaksne og born. Som tildømes: rett etter pinse arrangerer Valen Ranch "Fest I Valen" som er ein liten og intim musikkfestival for vaksne og "Rock and bolle" som er konsert for familien. Det vert arrangert "open dag" mindre dagskonsertar, utstillingar osv. Sjekk ut "Valen Ranch" på facebock for dei siste oppdateringane eller ta kontakt for meir info. Kanskje det skal arrangerast noko akkurat då du vil på Glamping = to fluer i ein smekk!

 NOK

Eskelandstrando- badstu

Eskelandstrando ligg vis a vis naustet til Ranchen. Her er det bygd opp eit heilt nytt og flott badehus med garderobar og badstu på ny flotte kai. Her kan ein hoppe i sjøen for eit forfriskande bad frå stupetårnet for så å gå inn og nyte varmen i badstova. Ta kontakt med VALEDAMENE for meir info og booking Telefon: 90076543

60 NOK

Drengestova kunstkollektiv

I Drengestova på Valen Ranch lagar Torill i stand for koselige kvelder med diverse teikne og malesaker.

Målet med Drengestova "Kunstkollektiv er å skape ein møteplass for male og teikneglede. Ein stad å finne inspirasjon og dele kunnskap. Ein stad der både meir erfarne og nybegynnarar er velkomne og kan føle seg tilrette.


Valen

Valøya fritidsområde og strand

På vakre Valøya ligg det eit lite paradis av ei badestrand. Her står det også eit flott "bålhus/gapahuk som kan nyttes til grilling og kos




Turstiar frå Valen

Husnes

Sjekk kva Husnes sentrum kan by på 


Rosendal

Sjekk kva vakre Rosendal kan tilby