Våre telt

Sesong: 1.juni til 1.september

Opplev roen og naturen – med komfortable senger, ferdig reidd opp med dyner og puter, klar ved og grillkull, og utsikt over Høylandssundet. Glampingtelta ligg fint til med nærleik til strand, fjell og nærbutikk.

Frå Ranchen er det kort veg både til fjell og sjø. Bak Ranchen finn du mange fine fjellturar (sjå "Turløyper" under "Aktivitetar"). Eskelandstranda ligg rett nedanfor Ranchen – over vegen og ned Muffabakken – med flotte bademoglegheiter, ny stor kai med stupetårn, badehus og badstove. Badstova vert driven av Valedamene, ei foreining frå Valebygda – sjå lenkje under "Aktivitetar".

Nærbutikken Spar ligg berre fem minutt å gå frå Ranchen.

Klokketelt-Ranchen

Det største glampingteltet vårt, Sibley 500 ProTech, har me valt å kalla "Ranchen".

Teltet har god plass til overnatting for 2–4 personar, men er som standard innreidd med ei dobbelseng, to stolar, eit lite bord og to komfortable loungestolar. (Ekstra senger kan bestillast på førehand og vert av enklare standard.)

Teltet er òg utstyrt med ein liten vedomn, slik at du kan halda varmen sjølv i ruskevêr. Ovnen har tre vindauge, som skapar ei varm og romantisk stemning i teltet. Du kan enkelt koke kaffi i ein liten kjele på omnen. Tørr ved ligg sjølvsagt klart.

ved siden av teltet er det tilrettelagd for grill og eit lite bål.

Teltet ligg i kort avstand til toalettbrakka, om lag 20 meter unna.

På nåværende tidspunkt er det ikkje strøm i telta våre lurt å ta med eigen powerbank til lading av telefon.



Klokketeltet- Paddocken 

Det vesle teltet vårt har me kalla "Paddocken" Teltet ligg vakkert til oppe på ranchen, med Kokkelberget i ryggen og hestebeite og sjøutsikt framfor. I nærleiken finn du flotte turområde, og det er kort veg til både strand, fjell og nærbutikk.

Om kvelden kan du sitja framfor teltet og kose deg, sjå utover Høylandssundet mot Halsnøy, høyra hestar som kneggar i nærleiken – og er du heldig, stig månen opp og speglar seg i sundet.

Ved siden av teltet er det tilrettelagt for grill og eit lite bål

Teltet passar for to personar. Det er det minste glampingteltet me har, men har likevel plass til ei 150cm dobbelseng. 

Teltet ligg i kort avstand til toalettbrakka, om lag 20 meter unna.

Klar for å Glampe?

Anbefalt å ta med:

  • Handkle og personlege toalettartiklar (sjampo, såpe, tannkost, etc.)

  • Powerbank til lading av elektroniske einingar (det er ikkje straum i teltet)

  • Lommelykt eller hovudlykt for bruk etter mørkets frambrudd

  • Varme klede og ekstra lag for kjølige kveldar

  • Badetøy og badesko vist ein ynskjer å ta eit bad på Eskelandstrando, eller booka seg plass i badstua

  • Solkrem og myggmiddel etter behov

  • Eigne spel, bøker eller anna underhaldning? 

Teltplassen har bålgrop og grill (med ved og grillkull inkludert), så det passar perfekt å ta med mat som er enkel å steikja eller grilla.

Tips til enkel grillmat

  • Grillspyd med kjøt, grønsaker eller fisk (paprika, sopp, squash, mais)
  • Pølser og burgerar
  • Bakt potet i aluminiumsfolie med kvitlauksmør eller rømme urter eller ost
  • Fylte pitabrød eller tortilla-pakkar med ost, bønner og grønsaker  – brett i folie og varm på grillen
  • Veggieburgarar eller vegetar-pølser
  • Fylte portobellosopp eller aubergine
  • Halloumi eller grillost i skiver
  • Maiskolbar med smør og urterSuppe på termos eller kok opp på bålet
    • Søtt og godt:
    • Marshmallows, sjokolade og kjeks til dessert (prøv ein "norsk s'more!")

    • Eple i folie med sukker og kanel til dessert

    • 🛒 Butikk i nærleiken:
      Spar Valen ligg berre 5 minutt til fots frå Ranchen – her får du det meste av det du treng til turkjøkkenet.


  • Fleire spanande og kreative oppskrifter på turmat? sjekk ut her


    Vi bruker informasjonskapsler for å sikre at nettsiden vår fungerer som det skal, og for å tilby deg best mulig brukeropplevelse.

    Avanserte innstillinger

    Du kan tilpasse dine informasjonskapsler-preferanser her. Aktiver eller deaktiver følgende kategorier og lagre valget ditt.