PopUp Glamping

og Bubilparkering

Valen Ranch PopUp Glamping og bubilparkering er ein heilt ny liten camping under utvikling. Me har som mål og skape fleire glamping alternativer og tilby diverse bobilparkeringar på området vårt. Me står no på startstreken av dette prosjektet og i byrjinga vert fasilitetane av den litt enkle sort, men me håper allikevel å kunne skape magiske øyeblikk, fine opplevingar og gode minner til dei som vel å legga turen sin til oss og til vakre Valen i Kvinnherad kommune. 

Hilsen Torill og Ståle.


"Vakre vene Valo"

Der dei bratte fjellskråningane flatar ut og dalen opnar seg, ligg bygda Valen i Kvinnherad kommune i Vestland. Her ligg Ranchen mitt i "smørauga" solvendt og med utsikt ut over Høylandsunde mot Halsnøy. 



På Ranchen har me nå opna opp for bubilparkering på delar av ridebanen. Her kan du stå parkert mitt mellom fjord og fjell og nyte utsikten utover høylandssundet. 



Vår Pop Up Glamping

NB! Då glampingen framleis er under utvikling har me enno ikkje fått bilder av våre telt med vår innredning. Glampingteltbilde med innredning er difor lånt. Det kjem bilder etterkvart. 

Kort om oss og gardens historie

Valen Ranch har ein lang historie og store delar av denne historien har vore med hest på garden. I eige av Eskelandfamilien har garden fungert som sandtak til hesteal og trening av travløpshestar. Garden var også i mange år rideskule og sommarskule for hesteintreserte born og ungdomar frå 60 til slutten av 90 talet. Då under navnet Sunnhordland Ritell. 

No har ein ny generasjon Eskeland tatt over. Saman har paret Torill Berger og Ståle Eskeland lagt ner mykje tid og arbeid i å få ranchen opp å gå igjen. Dei ryddar, fiksar og lappar på gamle hus, pussar fram beita og opnar opp garden for diverse arrangement og sosiale aktivitetar.  Framleis går det hestar rundt og beitar på området då ranchen har ein stall med plass til ti hestar og ein stor ridebane med tillhøyrande treningsløype for trav.

Fotogalleri

RANCHEN


Kontakt oss

Valen Ranch PopUp Glamping

Eikeland 151 

5451 Valen

Kvinnherad

(+47) 47888648- 95753070

post@valenranch.no

ValenRanch