PopUp Glamping

og Bubilparkering

Valen Ranch PopUp Glamping og bubilparkering er ein heilt ny, liten PopUp camping under utvikling. Me har som mål å skapa fleire glampingalternativ og tilby ulike bubilparkeringar på området vårt.

No står me på startstreken av dette prosjektet, og i byrjinga vil fasilitetane vere av den enkle sorten. Likevel håpar me å kunne skapa magiske augneblink, gode opplevingar og fine minner for alle som vel å leggja turen innom oss – og til vakre Valen i Kvinnherad kommune.

Hilsen Torill og Ståle.


"Vakre vene Valo"

Der dei bratte fjellskråningane flatar ut og dalen opnar seg, ligg bygda Valen i Kvinnherad kommune i Vestland. Her ligg Ranchen mitt i "smørauga" solvendt og med utsikt ut over Høylandsunde mot Halsnøy. 


På Ranchen opnar me opp for bubilparkering på delar av ridebanen frå juni-august. Her kan du stå parkert mitt mellom fjord og fjell og nyte utsikten utover høylandssundet. 


Pop Up Glamping

Telta våre ligg vakkert til oppe på Ranchen, omgitt av fjell, hestebeite og sjøutsikt. Her er flotte turområde i nærleiken, og det er kort veg til både strand, fjell og nærbutikk.

Om kvelden kan du sitja framfor teltet og kose deg rundt bålet, sjå utover Høylandssundet mot Halsnøy, høyra hestar som kneggar i nærleiken – og er du heldig, kjem månen opp og speglar seg i sundet.


Glamping- Paddocken

Det vesle klokketeltet passar godt for to personar. Det er det minste glampingteltet me har, men har likevel plass til ei dobbelseng på 150cm.

Framfor teltet finn du ei lita sittegruppe og ved siden av teltet ei bålgrop. Ved til bålet ligg klart.



Glamping - Ranchen

Dette er det største glampingteltet vårt, med god plass til to personar. Teltet er innreidd med ei romsleg dobbelseng på 180 cm og ei sittegruppe. Det er òg mogleg å setje inn ei ekstra enkel feltseng ved behov.

Framfor teltet finn du ei lita sittegruppe og ved siden av campen ei bålgrop. Ved til bålet ligg klart


Kort om oss og gardens historie

Valen Ranch har ei lang og rik historie, der hest har stått sentralt på garden. I eige av Eskeland-familien har garden mellom anna vore brukt som sanduttak og som treningsstad for travhestar.

Frå 1960-talet og fram til slutten av 1990-talet vart garden òg driven som rideskule og sommarleir for hesteinteresserte born og ungdomar, under namnet Sunnhordland Ritell.

No er det ei ny generasjon Eskeland som har teke over. Torill Berger og Ståle Eskeland har saman lagt ned mykje tid og arbeid for å få Ranchen til å blomstre igjen. Dei ryddar, reparerer gamle bygningar, pussar fram beita og opnar garden for ulike arrangement og sosiale aktivitetar.

Det er framleis hestar som beitar på området. Ranchen har ein stall med plass til 10 hestar, ein stor ridebane og ei treningsløype for trav.

Fotogalleri

RANCHEN


Kontakt oss

Valen Ranch PopUp Glamping

Eikeland 151 

5451 Valen

Kvinnherad

(+47) 47888648- 95753070

post@valenranch.no

ValenRanch

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre at nettsiden vår fungerer som det skal, og for å tilby deg best mulig brukeropplevelse.

Avanserte innstillinger

Du kan tilpasse dine informasjonskapsler-preferanser her. Aktiver eller deaktiver følgende kategorier og lagre valget ditt.